Formål:

Foreningen Romsdalsmuseets venner har til oppgave å støtte og stimulere Romsdalsmuseets arbeide økonomisk og på annen måte.
Foreningen skal tjene for diskusjons- og foredragsforum for museumsarbeid og kulturvern og støtte Romsdalsmuseets formål.
Romsdalsmuseets venner driver Holmarka besøksgård på dugnad.

Vil du støtte vårt arbeid kan du bli medlem ved å sende en e post til post@romsdalsmuseet.no eller gi et bidrag til bankkonto 4212 12 69117

fredag 7. september 2012

Jubileumsturen gikk til ytre Sunnfjord


40 glade turdeltakere møtte opp på Romsdalsmuseet tidlig fredag morgen den 17. august for å kjøre sørover til Sunnfjord.
Første stopp var Gloppen Hotell hvor vi fikk en utmerket lunsj og fikk høre litt om hotellet og dets drift før ferden fortsatt til gamle Gimmestad kirke.


Sven-Erik Skarsbø har skrevet et fyldig referat fra turen.
Turen til Ytre Sunnfjord i 2012
Det var mange kjende og nokre få nye ansikt mellom dei 40 som var med på den årlege turen til Romsdalsmuseets Venner, 17.–19. august 2012 – den tiande i rekkja. Hovudmålet var Ytre Sunnfjord med Quality Hotel Florø som base. Reiseleiarar var som vanleg Sigrid Simonsen, Magni Hilde Skoknes og Terje Thingvold.
Frå Romsdalsmuseet gjekk første etappe via Stranda og Nordfjordeid til Gloppen Hotell på Sandane, der det var lunsj med lokal mat frå Gloppen. Under vegs orienterte Terje og Magni om Ørskog kommune, den Trondhjemske postvei og om Stranda kommune, der industriverksemd er hovudnæringa. I tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg den største fabrikken for fryst pizza i Noreg her. Årleg produserer dei kring 28 millionar av den kjende Grandiosa-pizzaen (som de facto er blitt norsk nasjonalrett).
Etter lunsj gjekk turen til Gimmestad gamle kyrkje, ei langkyrkje som er så godt som uendra sidan ho vart bygd i 1692. Der mange andre kyrkjer har eit votivskip (kykjeskip) hengande frå taket, har denne kyrkja ein utstoppa og dekorert torsk frå 1700-talet. Mellom brystfinnane er det måla ein mann, truleg for å minne om profeten Jonas som vart slukt av ein kvalfisk, fortalte den dyktige omvisaren, Marie S. Rygg.
Deretter gjekk turen til den gamle garden Osmundnes i Hyefjorden, der dei noverande eigarane, Turid og Kristian Morken, viste oss rundt. Garden, som ein veit hadde busetnad alt på 1200-talet, ligg i ei bratt fjellside og er særs utsett for fonner (snøras). Etter at fleire bygningar var tekne av fonna, vart etter kvart alle husa samla til eit klyngetun og sikra mot snøfonnene med massive steinmurar. Det blir no arbeidd for å frede klyngetunet. I dag bur Tone Morken, dotter av eigarane, og huslyden hennar på garden.
Det faglege programmet første dagen vart avslutta med kaffi og omvising på Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Museet ligg i Florø og er eit distriktsmuseum for kystkultur med bygningar, interiør og ei stor båtsamling. Museet har dessutan ei stor, permanent oljeutstilling med mellom anna ein modell av Snorre-plattforma. Etter Kystmuseet var det «innsjekking» på hotellet og middag.
Etter frukost laurdag morgon gjekk turen med skyssbåt til Svanøy, der vi først vitja Norsk hjortesenter, eit nasjonalt kunnskapssenter for viltlevande hjort og hjort i oppdrett. Gardsstyraren, Henk van der Molen, orienterte om aktivitetane på garden som har kring 200 hjortar i inngjerda område. Av dei blir det årleg slakta kring 50. Av omsyn til oss var fôringstida flytta, og då van der Molen med høge brunstbrøl kunngjorde at det var fôring, samla det seg ein stor hjorteflokk kring kraftfôret. Mange av museumsvennene fekk klappe dei elles så sky dyra.
Til fots og med bil flytta vi oss tvers over øya til Svanøy hovedgård, der Ranveig Solheim orienterte om den skiftande historia til dette gamle fute- og adelssetet. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt for skipsfarten langs kysten. Det opphavlege namnet var Bru, men då garden i 1662 vart seld til erkebiskop Hans Svane, vart han setegard for 759 bruk i Sunnfjord og fekk etter kvart namnet Svanø. Då kammerråd og fut i Sunnfjord og Nordfjord Hans Thiis Nagel kjøpte Svanøy i 1731, innleia det ei ny stordomstid for garden. Nagel bygde fleire nye hus på gardstunet, og han hadde både båthus, sjøhus og jekter.
Hovudbygningen vart mykje utvida og fekk staseleg innreiing. I 1804 kjøpt Hans Nielsen Hauge Svanøy hovedgård, men han let trusfellen Ole Torgeirsson Helling overta garden. Ei tid var Svanøy hovudsete for haugianarrørsla på Vestlandet. Christopher, son til Ole Torgeirsson, tok namnet Svanøe. Familien Svanøe, eig framleis Svanøy hovedgård, men den freda hovudbygningen blei i 1972 overført til Svanøy stiftelse. Bygningen er frå 1750, men fekk si noverande form kring 1820.
Etter ei omvising i den staslege hovudbygningen, fekk museumsvennene servert ein overdådig lunsj. Bistro To Kokker i Florø har hand om all gjesteverksemda på Svanøy, og dei nyttar lokale råvarer til dei mange rettane – for ein stor del hjort og laks.
Etter å ha returnert til Florø med ferje, hadde museumsvennene nokre timar fri før middag på hotellet.
Søndag morgon starta tilbaketuren til Molde med fleire innlagde stopp. Det første var Ausevika, som har eit av dei største helleristingsfelta i landet. Det er i overkant av 1.500 m² og har over 300 registrerte figurar. Truleg finst det òg fleire figurar som i dag er dekte av mose, og der har dei det truleg best, sa guiden. Motiva er dyr og menneske, men òg abstrakte figurar. Særleg er det mange hjortebilete. Universitetet i Bergen har ansvaret for publikumsanlegget, som er bygd slik at ein kan sjå ristningane utan å trø på dei.
Frå Ausevika gjekk turen via Vevring (som blir uttalt vefring), Naustdal, Byrkjelo, Utvik og Innvik til Loen og Bødalen. Terje fortalde om Vevringutstillinga, ei årleg kunstutstilling sidan 1979. Like etter Vevring passerte vi Luftkampmuseet i Naustdal, som er reist til minne om «den svarte fredagen», 9. februar 1945, då fem tyske og ti allierte fly vart skotne ned og 16 flygarar mista livet. Aasta Haugsbø Krohn, som var augevitne til luftkampane og såg vrak med omkomne pilotar, fortalde om dramatikken ho var vitne til.
Mellom Loen og Bødalen passerte vi fjellet Skåla og Knut Bryn fortalde om Skålatårnet, 1843 meter over havet. Tårnet er murt i stein og har 22 sengeplassar. Det vart oppført i 1891 av doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann. Kloumann meinte at den tynne lufta ville gjere folk med tuberkulose friske. Kvart år vert motbakkeløpet «Skåla 1848 meter rett opp» arrangert.
I Bødalen fortalde Magni om rasulukkene i 1905 og 1936. Begge gongene var det stein frå det 1493 meter høge Ramnefjellet som rasa ned i Lovatnet og skapte høge flodbølgjer som slo langt inn over land. I 1905 omkom til saman 61 menneske i bygdene Nesdal og Bødal. Berre 9 av dei vart funne. I 1936 omkom 74 frå dei same to bygdene. 41 av desse vart ikkje funne. Etter den siste ulukka var det ingen som ønskte å bygge opp att dei to grendene.
Etter Bødalen var det lunsj på Videseter hotell med vakkert utsyn over Hjelledalen. Etter lunsj og fotografering av følgjet, bar det vidare på den Gamle Strynefjellsvegen. Han forlet riksvegen ved Videseter og følgjer Videdalen og Mårådalen til Grotli. Derfrå bar det ned til Flydalsjuvet og Geiranger, så opp Ørnevegen til utsiktspunktet ved Ørnesvingen. Der tok vi ein kort pause for å nyte den storslagne utsikta før ferda gjekk vidare til Eidsdalen og derifrå med ferje til Linge. På veg ned Eidsdalen passerte vi det freda kulturminnet Severinbrauta. Knut Bryn fortalde om Brauta-Nelly og dei andre som budde på
denne husmannsplasssen som vart driven som sjølvbergingsbruk heilt fram til slutten på 1980-talet. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa på 1870-talet og fram til Nelly flytta på gamleheim sist på 1980-talet er dokumentert gjennom kvadagsutstyr, tekstilar, bilde og brev.
Frå Linge bar det til Sylte i Valldalen med kaffi og kake på Fjellro Turisthotell. Der fekk sjåføren, Sæbjørn Malmedal, og turkomiteen, Sigrid, Magni og Terje skryt for opplegg og gjennomføring og eit Svanøykrus kvar til minne om turen.
Den siste stoppen var Gudbrandsjuvet, eit elvegjel i Valldøla, der det no er lagt til rette for at turistar kan oppleve vatn i vill dans mellom jettegryter utan å setje livet på spel.
Trollstigen skulle vere siste stopp, men tett skodde og sikt på nokre få meter fekk museumsvennene til å køyre vidare utan å ha sett meir enn skuggane av det nye anlegget og ikkje noko av den elles så storslåtte utsikta. Klokka nærma seg 22.30 då vi nådde Molde etter ein flott og behageleg tur. Det siste kan vi i stor grad takke sjåfør Sæmund for. Og veret? Det var betre enn meldingane, og regnet kom stort sett berre om natta.
Sven Erik Skarsbø (mellombels vikar for Beate Sande).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar