Formål:

Foreningen Romsdalsmuseets venner har til oppgave å støtte og stimulere Romsdalsmuseets arbeide økonomisk og på annen måte.
Foreningen skal tjene for diskusjons- og foredragsforum for museumsarbeid og kulturvern og støtte Romsdalsmuseets formål.
Romsdalsmuseets venner driver Holmarka besøksgård på dugnad.

Vil du støtte vårt arbeid kan du bli medlem ved å sende en e post til post@romsdalsmuseet.no eller gi et bidrag til bankkonto 4212 12 69117

onsdag 24. august 2011

Innholdsrik tur "Mjøsa rundt"

36 forventningsfulle turdeltakere startet fra Romsdalsmuseet fredag 19. august for å være med "Mjøsa rundt". Det ble besøk både på storgårder som Gjøvik gård (bildet) og i Prøysenstua. Veggmalerier av Peder Balke på Billerud gård fikk vi sett, omvisning på Helgøya ble det også tid til og flere andre steder.

MJØSA RUNDT MED ROMSDALSMUSÉETS VENNER 19 – 21 AUGUST 2011.

 Grytidleg  den 19.august møttest vi ved muséet for å bli med på den 9.de turen arrangert av Romsdalsmuséets Venner.

Eit fullspekka program viste at vi hadde travle dagar og mykje interessant å sjå fram til. I tillegg har turleiarane oftast meir på lur enn det som står i programmet.Første stopp var på Flatmark. Her ligg ein gamal freda kyrkjegard ukjent for dei fleste av oss. I eldre tid sto det ei kyrkje på garden Nordre Flatmark.

Vi vestlendingar kan vel av og til vere litt skadefro når vi høyrer om regn og ruskever på Austlandet.  I år har vi ingen grunn til å vere misunneleg. Sør for Otta såg vi store vassdammar i kornåkrane der det svømte ender!

Etter lunsj på Maihaugen, gjekk turen til Bjerkebæk, heimen til Sigrid Undseth ( 1882 – 1949). Marit Neubauer ga oss eit innblikk i livet på Bjerkebæk frå 1919 til forfattaren døydde i 1949.

At dei rettelege store gardane ligg på Austlandet, veit vi. På turen var vi innom fleire av dei. Den første var Gjøvik gard ved Hunnselva. Caspar Kauffeldt  starta privat glasverk der i 1807. Byen Gjøvik vaks fram rundt glasverket og feirar i år 150 års jubiléum.

Siste post på programmet fredag var Raufoss som kanskje er best kjent for Raufoss Ammunisjonsfabrikk. Fabrikken vart oppretta i 1896 under namnet Rødfoss Patronfabrik og Krudtverk.  Bedriftsutstillinga viste at det opp gjennom åra har vore laga meir enn ammunisjon, blant anna Raufossmopeden.

Det var godt med god middag og kvile på Comfort Grand Hotell, Gjøvik då kvelden kom!

Laurdag starta med omvising på Stenberg friluftsmuséum. Stenberg er ein gamal amtmannsgard som vart freda i 1923. Amtmann Laurits Weidemann og familien tok over garden i 1802.  Dei er gravlagde på den private gravplassen på garden.

Billerud  på Toten  har vore både embetsgard og aldersheim. Her har målaren Peder Balke dekorert salen i hovedhuset med veggmåleri. Rune Hårstadsveen fortalte om husmannsguten Peder Balke frå Helgøya som tok til som sjøllært bygdemålar, men som seinare tok utdanning både i inn- og utland. Fyr på den norske kyst er det mest kjente måleriet. Det pryda baksida av norske tusenkroningar frå 1975 til 1981.

Turen gjekk vidare til Eidsvoll der vi vart møtt av Hanne . På ein utruleg god måte fekk vi fortalt historia om eidsvollmennene og det viktige arbeidet dei gjorde . Før vi gjekk ut av rikssalen, avslutta vi  med orda :Enige og tro inntil Dovre faller.

Neste stopp var den gamle ferjestaden Minnesund der Mjøsa renn ut i Vorma. Båten Start frå 1918 låg ved kaia og blir framleis brukt til turar på Mjøsa

Middag og overnatting tok vi på Rica Hotell Hamar på Furnes.

Tredje turdag var søndag, men ikkje fridag. Vi køyrde etter Præstvægen , ikkje med hest, men med buss fram til Prøysenstua på Rudshøgda.  Teskeikjerringa var på plass, men mannen hennar såg vi ikkje! Ein tur innom Prøysenhuset som er ein del av Hedmark fylkesmuséum, vart det og tid til.

Helgøya i Ringsaker kommune er ei øy med historisk sus. Karin Olssøn var med oss som kjentmann  rundt øya. Vi var innom kyrkjegarden og fekk høyre historia om dei russiske flyktningane   som er gravlagde der. Dei  rømte til Kina under revolusjonen i Russland i 1917.   Etter eit kort opphald der, kom dei til Norge og Helgøya . Hovelsrud er ein av fleire store gardar på øya. Hageanlegget frå 1840-åra er eit praktanlegg som eigaren Marianne Olssøn prøver å få til slik det var.

Vi hadde matøkt på Hoel gard. Hovedbygninga frå 1719 er freda.  I tillegg til gardsdrift satsar eigarane Per Eilif og Vigdis Sandberg på gardsturisme. Dei har fått Olavsrosa for måten dei har forvalta kulturarven på.

Sygard Grytting i Sør-Fron var siste stopp. På tunet vart vi møtt av Hilde og Stig S. Grytting som er 16. generasjonseigarar. I tillegg til mat, fekk vi høyre litt om gardshistoria. Opphaldet vart avslutta med to-rader konsert i bussen der Amund Grytting, 15 år, spela ein sjølkomponert låt : Den femte årstid!

Vi gler oss alt no til å stå tidleg opp neste år for  å bli med på jubileumsturen, den 10de. Stor takk til turkomitéen og sjåføren, Sæbjørn Malmedal, som ikkje svikta oss i år heller.

På Raufoss vart Terje møtt av ein mann som påstod at: Deg har je sett før je. Er vi heldige kan vi kanskje  helse  kvarandre med det neste år?

Beate Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar